Trening
4 min

DEL 2: Personleg trenar – Heilt krise? Eller løysinga på krisa?

Sommaren 2025 gjorde eg noko eg eigentleg aldri hadde sett for meg: Eg skaffa meg ein personleg trenar – og det før eg hadde fylt 40. Dette er ei forteljing om korleis eg hamna der, korleis det har gått, og kvifor eg no meiner at dette er noko du òg bør vurdere.

Dette er en ekte og ærlig suksesshistorie, skrevet av min gode elev Stian Øvrebø. Saken er i 3 deler, og fyller dermed nynorsk-kvota her på hjemmesida.

Tro det eller ei, så er innlegget skrevet av Stian på eget initiativ. Men publisert her på dette mediehuset må det vel merkes med #Reklame, for bedre markedsføring for egne tjenester skal jeg nok lete lenge etter.

DEL 1
DEL 3

Skrevet av
Even Brøndbo Dahl
Publisert
October 20, 2026

Etter fleire år med skuffande resultat og ein sliten, småskada kropp hadde eg for første gong i livet fått meg trenar. Kva for trening venta meg? Og ville pilene endeleg snu i rett retning igjen?

Alt dette skal du få svaret på, men først: Korleis hamna eg her? Det kan du lesa om i del 1 av denne saka.

Skal noko bli annleis, må eg gjere noko annleis. Med det som utgangspunkt tok eg sommaren 2025 kontakt med Even Brøndbo Dahl med håp om at han kunne hjelpe meg å bli ein betre løpar.

Før oppstart hadde me eit møte der me gjekk gjennom:

  • tidlegare trening
  • ferske resultat
  • kvardagslogistikk
  • framtidige mål

Treninga mi i forkant kan kort oppsummerast slik: mykje løping på trøtte bein og med blodsmak i kjeften. Litt sett på spissen, men eg trur mange kan relatere.

Av resultat hadde eg nyleg 10 km på 34:59 og halvmaraton på 1:17:54. Eit godt stykke bak pers og eiga målsetting.

Kvardagen min er travel, med full jobb og små barn. Likevel er løpinga høgt prioritert, og eg har god tilgang på treningsfasilitetar. Éi eller to økter om dagen har sjeldan vore eit problem å få gjennomført.

Hovudmålet for året var Valencia halvmaraton, med ambisjon om å springe under 1:16:00. Det kravde ei betring på to minutt på snaue fire månader – ambisiøst, ja, men eit mål som trigga meg og gav retning til det vidare arbeidet.

Etter å ha sett på kalenderen, landa me på ein vekesstruktur med kvalitetsøkter måndag, onsdag og fredag, med dei tøffaste spesifikke øktene på fredag. Helgene blei reserverte for rolegare trening, kvile og tid med familie.

Etter å ha teke omsyn til alt dette fekk eg tilsendt dei første vekene med trening:

Veke 1 og 2 var eg på ferie, og treninga blei tilpassa dette.

Frå veke 3 starta me på det som etter kvart blei den vanlegaste treningsrytmen.

I planen betyr:

  • AM: formiddag
  • PM: ettermiddag

Viss treningsplanen for dagen berre inneheld éi økt, vel eg sjølv tidspunkt ut frå kva som passar best den dagen, og rekkefølgja er valfri om det er to økter.

«Basis» er styrkeøkter, med øvingar eg har fått tilsendt frå trenar, inkludert video og forklaringar. Her fekk eg beskjed om å gjere det så godt eg kan, og at det ikkje skal vere for hardt.

Tålmod og jamn innsats vinn til slutt?

Samanlikna med treninga eg var vand med, skilde dette opplegget seg ut på fleire punkt. Det mest iaugefallande var farten på intervallane. Då eg såg at planen sa 8 × 1 000 meter i 4.00 min/km, sende eg ei melding til Even for å sjekke om eg hadde lese rett. Svaret kom raskt: «Det er korrekt, berre ei koseøkt.»

På dette tidspunktet var 4.00-fart heile 35 sekund per kilometer rolegare enn 10-kilometerfarten min, og 25 sekund rolegare enn halvmaratonfarten eg håpa å halde nokre månader seinare. For meg var det uvant å springe intervallar så kontrollert.

Eg rekna derfor med at farten raskt ville bli justert opp når han såg kor «lett» økta var for meg. Det skulle vise seg at eg tok feil igjen.

Dette var første gongen eg gjennomførte ein treningsplan som var sett opp av andre enn meg sjølv, og eg merka ganske tidleg at det hadde ein svært positiv effekt på motivasjonen. Eg konsentrerte meg først og fremst om å følgje planen og gjennomføre øktene slik dei var lagt opp, utan å bruke energi på å gruble over om eg burde springe rolegare eller hardare, kortare eller lengre.

Allereie etter to veker kunne eg tydeleg kjenne at eg hadde bygd opp eit energimessig overskot, og beina kjendes gradvis betre og betre. Kvalitetsøktene var enklare å gjennomføre enn det eg var van med frå tidlegare, samstundes hadde eg ei klar kjensle av at dette var god og effektiv trening. Det var fristande å teste formen med ei utblåsing, men eg greidde heldigvis å halde meg til planen.

Eg hadde fleire gonger lese det kjende sitatet frå den legendariske trenaren Arthur Lydiard: «Train, don’t strain», men dette var truleg første gongen eg faktisk hadde trena på ein måte som samsvara med det Lydiard ville definert som trening. Eller som trenaren min seier «Det er jo berre trening».

Etter å ha bygd opp vekesvolumet til om lag 70 km springing og 2-3 timar alternativ trening på ellipse såg ei typisk treningsveke ca. sånn her ut:

Intervallane gjekk jamt over i ein langt meir konservativ fart enn eg hadde sett føre meg. Eg hadde rekna med at tempoet raskt ville bli skrudd opp, men 1 000-metersdraga heldt seg overraskande lenge rundt 4.00/km. Også på dei meir intensive baneøktene sprang eg langt meir kontrollert enn eg var van med.

På ei typisk økt med 10–15 × 400 meter fekk eg til dømes beskjed om å halde rundt 80 sekund per runde, tilsvarande 3.20/km. I tillegg vart pausane dobla frå rundt 30 til 60 sekund. Alt trekte altså i same retning: meir kontroll og mindre belastning på den enkelte økta.

Eg har ein laktatmålar som eg brukte frå tid til anna, og målingane viste gradvis lågare verdiar enn tidlegare. Men Even var tydeleg på at målaren kunne brukast som eit kontrollverktøy, ikkje som eit styringsverktøy. Kjensla skulle trumfe tala.

Også langturane vart annleis. I staden for lengre turar på veg eller bane fekk eg beskjed om å springe rundt 15 kilometer i marka. Distansen var kortare enn eg var van med, men fordi turane gjekk i terreng, var tida på beina minst like lang, ofte lengre. Samtidig gav dei ei fin avveksling frå resten av treninga.

Eg hadde ikkje på bingokortet at ein konsekvens av å ta kontakt med ein personleg trenar skulle vere at eg endeleg vart godt kjend i Bærumsmarka.

Men korleis gjekk det eigentleg med forma?

For å vere ærleg var eg lenge usikker. Samstundes var det fleire ting som kjendes bra:

  • Ingen kjenningar
  • Ingen sjukdomsavbrekk
  • Meir overskot, både på trening og i kvardagen
  • Godt muskulært overskot på nesten alle intervalløktene

Det som gjorde meg meir tvilande, var følgjande:

  • Eg opplevde sjeldan å få testa meg skikkeleg på trening
  • Eg trente oftast i ei fart som var mykje rolegare enn det eg hadde ambisjon om å halde i 21,1 kilometer
  • Fleire eg kjenner og ser opp til, stilte spørsmål ved opplegget og meinte at det måtte vere altfor roleg for ein løpar på mitt nivå

For å få testa meg litt meinte Even at det var lurt å leggja inn nokre konkurransar i treningsplanen. Han hevda at konkurransar er blant den beste treninga inn mot eit større hovudmål, og at slike «B‑mål» kan nyttast til å øve på ernæring, oppvarming og det kanskje viktigaste, disponering av løp. I tillegg er det jo veldig moro å springe løp!  

I perioden fram mot Valencia halvmaraton hadde eg mellom anna to 10‑kilometersløp: eitt baneløp og eitt gateløp.

Det eine løpet gjekk dårleg, medan det andre gjekk svært bra. Likevel kjende eg ikkje at eg fekk heilt klåre svar på eiga form. Det eine løpet vart prega av krevjande forhold og dårleg disponering, medan det andre gjekk i ei kupert løype. Det viktigaste var uansett at eg tok med meg fleire gode erfaringar som eg seinare fekk god nytte av i Valencia.

Med konkrete resultat og fleire gode treningsveker i banken var det på tide å rette blikket mot Valencia halvmaraton. Ambisjonen var framleis å springe under 1:16, og eg begynte for alvor å tru at det var innanfor rekkevidde.

I neste del kan du lese om den spesifikke treninga dei siste vekene før Valencia, kva vi prioriterte i formtoppinga, og sjølve løpet. Eg kan røpe så mykje som at eg aldri ville lagt opp treninga på same måte sjølv. Fleire av elementa var heilt nye for meg, og det endelege resultatet overraska meg på fleire måtar.

Lurer du på hvordan jeg trener?

Vil du ha beskjed når jeg publiserer noe nytt?
Jeg publiserer både artikler og blogginnlegg i ny og ne. Send meg mailadressen din så plinger jeg på når jeg har noe å melde!

Ittno spam.
Flotters! Du hører fra meg når jeg poster noe nytt
Ishda... Her gikk det i stå...