Sommaren 2025 gjorde eg noko eg eigentleg aldri hadde sett for meg: Eg skaffa meg ein personleg trenar – og det før eg hadde fylt 40. Dette er ei forteljing om korleis eg hamna der, korleis det har gått, og kvifor eg no meiner at dette er noko du òg bør vurdere.
Dette er en ekte og ærlig suksesshistorie, skrevet av min gode elev Stian Øvrebø. Saken er i 3 deler, og fyller dermed nynorsk-kvota her på hjemmesida.
Tro det eller ei, så er innlegget skrevet av Stian på eget initiativ, og ikke med en pistol mot hodet. Men publisert her på dette mediehuset må det vel merkes med #Reklame, for bedre markedsføring for egne tjenester skal jeg nok lete lenge etter.

«Det er heilt krise å få seg personleg trenar»
Orda kom frå ein eg har trent mykje i lag med – og ja, det kan nok vere litt sanning i det. Om eg skal vere ærleg, har eg tidlegare hatt mine eigne fordommar mot folk som nærmar seg midten av livet og plutseleg skaffar seg ein trenar. No møtte eg meg sjølv i døra, som eg har gjort så mange gonger før.
Etter fleire år med god progresjon i resultat hadde eg trent meg gjennom 2 år med stagnasjon og regresjon. Eg var i beit for gode råd, og kjente at motivasjonen til å gjere det same om igjen var låg. Dette var første gongen sidan eg starta å springe at eg hadde kjent på eit snev av motivasjonssvikt.
«Krise. Kva krise? Det er alt for seint til å gje opp no.» - Frode Gryttens hyllest til Bjørndalen
Eg er ein såkalla vanleg mann i slutten av 30-åra, som forsøker å balansera ein travel kvardag med små barn, full jobb og ein draum om å bli ein litt over middels god løpar. Eg har ingen bakgrunn frå kondisjonsidrett frå tidlegare, og kan ikkje påstå at eg har nokon spesielle fysiske talent.
Eg byrja å springe for rundt ti år sidan, og det er vanskeleg å setje ord på kor viktig denne hobbyen har vore. Utan å bli for sentimental kan eg seie at løpinga har gitt ringverknader langt utover eiga helse. Eg opplever at eg presterer betre på arbeid og privat på grunn av løping. For meg er det ei viktig kjelde til meistring og fellesskap.
Det finst mange ulike kjelder til motivasjon når ein driv med løping, men for meg har jakta på utvikling stort sett vore den drivande. Eg har behandla det som eit prosjekt – med konkrete mål som skal gjennomførast, og gevinstar som skal realiserast.
Eg debuterte med startnummer på halvmaraton i 2017, med tida 1:45, og arbeidde meg jamt og trutt ned til 1:16 i 2022. Fram til då hadde eg hatt ei jamn utvikling kvart år, og treningsarbeidet eg la ned spegla stort sett framgangen i resultata. Eg fekk meir og betre informasjon om trening og gjekk meir systematisk til verks.
Eg skal ikkje utbrodere for mykje rundt eigne resultat, men let heller denne grafen illustrere korleis utviklinga var på halvmaraton frå 2017 til sommaren 2025 (før eg fekk meg trenar).

Treninga mi i desse åra var i stor grad inspirert av det mange andre mosjonistar i Noreg også gjer. Ei typisk veke bestod av:
Eg er stolt av utviklinga eg hadde dei første åra. Men etter 2022 opplevde eg for første gong at framgangen stoppa opp. Eg trente meir og meir seriøst, og forventa at resultata skulle følgje etter. I staden stagnerte eg på alle distansar, samtidig som eg vart meir plaga av småskadar og sjukdom.
I ettertid er det lett å sjå at eg stadig prøvde å presse inn litt for mykje og litt for hard trening. I lengre periodar var det heller ikkje god nok balanse mellom treningsbelastninga og det livet elles kravde, med jobb og små barn. Det er «enkelt» å bryte kroppen ned med trening, men framgang krev at ein også får tid og overskot til å byggje seg opp att.
Mot slutten av 2023 bestemte eg meg for å gjere ting annleis. Eg blei meir nysgjerrig på intensitetsstyring, og etter at eg høyrde eit podkastintervju med Even Brøndbo Dahl (BML EP4 - Spotify), blei eg inspirert til å prøve å følgje nokre grunnleggande prinsipp som han formulerte konsist og enkelt i den episoden:
Brøndbo Dahl hevda i podkasten at han berre slo inn opne dører, men for meg var ikkje desse dørene heilt opne på det tidspunktet. Sjølv om treninga mi kunne sjå bra ut på papiret, og eg hadde eit relativt høgt volum, innsåg eg (i alle fall delvis) at strukturen min ikkje gjorde det mogleg å absorbere treninga.
I kjølvatnet av denne oppdaginga senka eg intensiteten på trening og la ein plan som skulle gjere det mogleg å trene like mykje eller meir, utan å bli like sliten som tidlegare.
Kort fortalt gjekk eg over til ein ny vekesstruktur med:
Den største forskjellen var uansett at eg sprang alle intervallar på kontrollert intensitet.
Eg merka raskt at dagsforma blei meir stabil, og at eg oftare hadde muskulært overskot på øktene. Samstundes var eg ofte energimessig sliten, truleg fordi eg køyrde to svært krevjande intervalløkter i veka og mangla erfaring med ernæring før, under og etter trening. Likevel opplevde eg for første gong på lenge at eg responderte på trening igjen.
Eg følgde opplegget i fem månader og forbetra tidene mine to gonger på både 10 km og halvmaraton. Der og då forstod eg ikkje heilt kva som låg bak framgangen, men i ettertid er eg nokså sikker på svaret.
Når eg samanliknar treninga i perioden då resultata stagnerte med perioden då eg igjen fekk framgang, er det særleg tre forskjellar som peikar seg ut:
Betyr det at mindre trening er betre? Nei. Poenget er heller at 110 km løping i veka, kombinert med måten eg trente på, vart for mykje for meg på det tidspunktet. Ved å redusere løpsmengda og intensiteten, utan å redusere den totale treningstida, tolte kroppen belastninga betre. For meg handla framgangen altså ikkje først og fremst om å trene mindre, men om å fordele belastninga betre og gjere treninga meir berekraftig.
NB: Opplegget var inspirert av ting eg hadde høyrt og lese av Brøndbo Dahl, men det vart ikkje sett saman i samråd med han. Eg veit i dag at han ville ha gjort fleire ting annleis. Samstundes vart framgangen eg opplevde med denne tilnærminga truleg avgjerande for at eg kontakta han eit år seinare.
Eit gjentakande mønster hjå meg har vore dette: Når forma stig, fortel intuisjonen min at treninga må justerast slik at ho speglar mitt «nye nivå». Enten aukar eg farten på intervallane for å sjå tydeleg progresjon frå veke til veke, eller så legg eg til meir trening. Av og til begge delar samstundes. I seinare tid har eg lært at så lenge treninga gir framgang, treng ein ikkje endre så mykje. Men eg veit av erfaring at det er lettare sagt enn gjort.
Då eg endeleg opplevde framgang igjen, blei eg grådig. Treningslysta var større enn evna til å tåle belastninga. Resultatet var ei ny runde med småskadar, sjukdom og eit vedvarande energimessig underskot, sjølv om treningsmengdene på papiret tilsa at eg burde vore i toppform.
Måla mine den påfølgande hausten var København halvmaraton og Frankfurt maraton. Begge løpa blei skuffande, både i oppleving og resultat. Då eg stod på startstreken, kjende eg mest for å leggje meg ned og kvile. Eg var rett og slett ikkje i vater.
Trass i at eg hadde lagt ned mykje tid, energi og ressursar i å bli betre, hadde eg i realiteten trent meg sjølv i dårlegare form.
Ei rekkje faktorar gjer at eg har gått i den same fella gong etter gong – noko mange sikkert kan kjenne seg att i. Eg:
Eg tenkte at så lenge eg «står i det» lenge nok, vil resultata før eller seinare kome etter. Difor heldt eg fram med å trene 100–120 kilometer i veka, med doble intervallar og mykje trening som såg bra ut på papiret (les: Strava).
Vend i tide, det er inga skam å snu - Fjellvettregel nr. 8
I februar 2025 sprang eg ein 10 kilometer i bunkeren på Bislett. Eg sikta mot sub 34, men enda på 36:52. Likevel heldt eg fram med å trene på same måte heilt fram til eit halvmaraton i Lier. Der var målet sub 1:16 – og fasiten blei 1:17:54. Året før sprang eg halvanna minutt raskare i same løype, med tøffare forhold og mindre trening.
Då forstod eg, utruleg nok, at eg var på ville vegar om målet mitt var å bli ein betre løpar.

Eg byrja å leite etter ein trenar som hadde tru på sitt eige opplegg og som kunne tilpasse treninga til kvardagen, småskadar og avgrensa talent. Det måtte vere ein som både kunne teori og hadde praktisk erfaring frå eiga satsing.
Til slutt tok eg kontakt med Brøndbo Dahl for å høyre om han ville hjelpe meg å bli ein betre løpar – og kanskje endeleg springe raskare enn 1:16 på halvmaraton. Det ville han, og me starta samarbeidet i juni 2025.
Eg hadde ei førestelling om kva slags trening som venta meg, og kva resultat eg kunne håpa på, men det skulle snart vise seg at eg tok feil på begge områda.
Viss du er nysgjerrig på opplegget me sette opp og korleis det gjekk med draumen om sub 1:16, kan du lese meir om det i neste del av denne saka.